140.000 i bot for Kyrgios

Les hele artikkelen

Den temperamentsfulle australiaren Nick Kyrgios har fått 14.000 dollar drygt 140.000 kroner) i bot for usportsleg oppførsel etter kvartfinaletapet i US Open.
Han knuste to racketar i bakken i frustrasjon over tapet i fem sett mot russiske Karen Khatsjanov.
Bota er den høgaste i årets US Open, og er den femte for Kyrgios. Han er totalt bøtlagd med 32.500 dollar (nesten 330.000 kroner) etter fem episodar av usportsleg oppførsel.
Bøtene skal trekkjast frå dei 473.000 dollarane han har spela inn i premiepengar under turneringa.