Vil ha forbod mot fyrverkeri

Blindeforbundet er bekymra over at mange kvart år får augeskadar etter oppskyting av fyrverkeri. No krev dei at det blir innført eit forbod mot å skyte opp fyrverkeri i privat regi.
– Dei siste ti åra har meir enn 100 personar fått augeskade etter fyrverkeri. Trass i tiltak med auka fokus på bruk av vernebriller, skjer det framleis mange skader, seier leiar i Blindeforbundet, Terje André Olsen.
I ei undersøking Ipsos har gjort for forbundet svarar 44 prosent at dei meiner det bør vere forbode å selje fyrverkeri til private.