Start-trenar Sindre Tjelmeland var særs skuffa etter 0-1-tapet mot Kongsvinger i kvalifiseringa til eliteserien.
– Det er forferdeleg trist. Eg er veldig lei meg på vegne av gutane, som har kjempa og komme seg til 3. plassen, som gjorde at vi fekk denne sjansen, seier han.
Trenaren er optimistisk med tanke på Start sine sjansar i neste års 1 .divisjon. Klubben har kun tapt to kampar etter at dei vart rundtspelt og tapte 0-5 mot Stabæk i sommar.
– Viss ikkje måten det skjer på og korleis vi responderte etter Stabæk-kampen skapar revansjelyst og svolt neste år, så blir eg veldig overraska. Vi kjem til å slå knallhardt tilbake, seier Tjelmeland.