Gjennom fire tiår eksisterte det eit nært vennskap mellom kongeriket Noreg og den føderale sosialistiske republikken Jugoslavia; mellom eit sosialdemokratisk NATO-land i nordvestre hjørne av Europa og ein kommunistisk, alliansefri eittpartistat i søraust. Den gong under den kalde krigen var dette eit unikt og nesten naturstridig fenomen.