I Valle kommune skal hund vere i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda i tida frå og med 1. april til og med 15. oktober. Bandtvang gjeld over heile landet, og den generelle perioden er 01.april.-20.august. Grunnen til at vi har utvida bandtvang i Valle, er at dyrelivet her er ekstra sårbart i perioden april-september. Bandtvang skal hindre at hundar skadar andre dyr, som beitedyr, vilt og fugl. Men det er visse unntak slik som § 2 i føresegna under viser.