Det er ikkje utenkeleg at straumprisen i Sør-Noreg kan kome opp i 20 kroner per kilowatt-time dei neste månadane, ifølge sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue Insight.
– Det er prisbiletet vi no ser i Frankrike, som har Europas dyraste straum, seier han til NRK.
Han meiner Sør-Noreg kan få like høge toppar som Frankrike. Både Frankrike og Noreg utvekslar straum med Tyskland, Nederland og England.