Banemeister Tor Willy Kylland trur det blir kamp på Levermyr stadion i Grimstad søndag. Bana skal inspiserast klokka 11. Jerv skal møte KFUM Oslo i kvalifisering til eliteserien. Dei siste dagane har det blitt jobba på spreng for å få rydda bana for snø.