Vipers-spelarane Katrine Lunde og Sunniva Andersen er tekne ut på landslaget. Dei skal vere med på den siste samlinga før landslagssjef Thorir Hergeirsson tek ut troppen til handball-VM i november. Samlinga er på dansk jord, der Noreg skal spele mot Sveits og Nederland i tillegg til Danmark.