Poltiet har tatt seg inn i ein bustad i Kristansand etter å ha motteke ei bekymringsmelding. Der fann dei to døde personar, skriver poltiet i Agder.
Ein person er køyrd til sjukehuset med ambulanse. Tilstanden til vedkommande er ukjent. Pårørande er varsla.
Politiet er på staden og gjennomfører tekniske og taktiske etterforskingsskritt. Ifølge politiet er det førebels ikkje teikn på ei straffbar handling.