Eit besetningsmedlem på skuleskipet Sørlandet har testa positivt på korona. Vedkommande er isolert om bord. Fullriggaren seglar i karibia med 58 elevar og eit mannskap på 20 om bord.
– Vi følgjer våre interne prosedyrer for slike tilfelle, seier direktør i Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet, Knut Arne Gjertsen.
– Alle vil bli testa igjen og skipslegen vil overvåke situasjonen nøye og følgje opp, seier han.