Sulland har fått trenarjobb

Tidlegare Vipers Kristiansand-spelar Linn Jørum Sulland blir trenar i eliteserieklubben Oppsal. Sulland la opp etter at Vipers vann meisterligaen i fjor.
No blir ho fysisk trenar i Oppsal, som ligg på nedrykksplass i eliteserien.
– Det er 18 år sidan sist ein Oslo-klubb tok medalje i eliteserien. Eg har lyst til å vere med å bidra til at heimbyen min igjen får eit lag som kan vere med i toppen, seier ho til topphandball.no.