Anna Vyakhireva stråla som ei sol etter at Vipers slo franske Brets i den første meisterligakampen for sesongen. – Det var verkeleg moro. Vi gjorde ein god jobb. Vi kan gjere det betre, men det var moro og bra. Eg er skikkeleg nøgd i dag, seier russiske Vyakhireva.