Bustadtomter Valle kommune har eit sentrum som stadig er under utvikling med fleire servicetilbod som t.d. butikkar, etestader, aktivitet- og friluftsforretning, bibliotek, bank, hotell og bensinstasjon. Aust for sentrum i Leite Sør er det no gjort endringar i reguleringsplanen, slik at kommunen kan tilby tomter for bustader i fleire storleikar. Tomtene ligg strategisk til i nærleiken av sentrum og er tilpassa alle generasjonar med ein fantastisk utsikt over sentrum og store deler av dalen.