Kenneth Engvoll Løland frå Farsund er tilsett som politisk rådgivar for utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp). Han har politisk erfaring frå både Senterungdommen og Farsund Senterparti. – Eg er sjølvsagt svært takknemleg for å få denne unike moglegheita, seier han i ei pressemelding.