Ein person i Grimstad ringde politiet onsdag kveld, då vedkommande hevdar å ha blitt filma i dusjen. Ifølgje politiet skal ein person ha filma frå utsida av huset. – Politiet har vore på staden og teke imot forklaring frå fornærma og mistenkte, opplyser operasonssentralen til Agder-politiet.