Ser på straumordningar for næringslivet

Les hele artikkelen

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) opplyser om at regjeringa no ser på straumordningar for næringslivet.
Etter gårsdagens møte med Ap-ordførarane i landet er det no fullt fokus på å løyse straumproblematikken. Støre vil særleg hjelpe små og mellomstore bedrifter, seier han til NRK.
– Mange bedrifter som ikkje har fastprisavtaler, dei slit, og vi ser no på ordningar som kan komme dei til unnsetning. Men det viktige no er å få opp fyllinga i vassmagasina, slik at vi er rusta til den vinteren vi går inn i. Det er på rekordlågt nivå, og det må vi gjere noko med.
Det tar si tid for regjeringa å få på plass dei etterspurde ordningane, noko Støre grunngir med at kraftsituasjonen er heilt ekstraordinær.
– Dette er ikkje noko vi kan løyse frå ein dag til ein annan.