– Tungbilbergarar slit nesten med å få laus lastebilane. Fleire stader må det to til for å få laus ein lastebil. Så får dei opp ein, så er det stopp for ein ny, seier trafikkoperatør Ole Petter Ruud hos Vegtrafikksentralen.
Det er framleis stopp på E18 i Tvedestrand på grunn av vogntog som står fast. Mange bilistar har stått i kø i timevis.
– Det viktigaste er at folk held seg i bilen og held seg varme, seier Ruud.
Mange er i arbeid for å prøve å få trafikken i gang igjen.
– Dette krev mykje av mange, seier han.
Han kan ikkje seie når trafikken går som normalt igjen.
– Det er heilt umogleg å seie, seier han.