Julian Ryerson frå Lyngdal er teken ut i landslagstroppen til skjebnekampane mot Tyrkia og Montenegro i VM-kvalifiseringa i fotball.
Skadelista har blitt lang for landslagssjef Ståle Solbakken. Joshua King og Fredrik Midtsjø vart skadde i helga. I tillegg til Ryerson er tidlegare Jerv-spelar Ohi Omoijuanfo og Iver Fossum no med i troppen.