I medhald av plan- og bygningslova § 12-14, søkar Prosjekthuset AS og Simon Stulien på vegne av Brokke Panorama AS om mindre endring for reguleringsplan: Kvisle – F-6, L2A og L2B, planID 200802. Planområdet ligg på Furåsen i Brokke i Valle kommune. Endringa omfattar endringar i kart og føresegner, og omhandlar hovudsakleg å ta ut eit areal som er avsett til søppel. Sjå vedlagt varslingsbrev for utfyllande skildring av endringa, og andre vedlegg for gjeldande og forslag til nye føresegner og plankart. Eventuelle merknader til varselet kan enten sendast digitalt til [email protected], eller det kan sendast i brev til Valle kommune, postboks 4, 4746 Valle, innan 16.05.22