Det blir fleire arendalittar

Befolkninga i Arendal veks. Kommunen har no 45.400 innbyggjarar – nesten ein prosent meir enn same på tidspunkt i fjor. – Fødetal og utvikling innan næringsliv går rett veg, seier varaordførar Terje Eikin (bilete).

Lovar pengar til ny veg

Staten skal bidra til å finansiere ny veg frå E18 til Eydehavn i Arendal i samband med bygging av batterifabrikken. Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Svein Harberg (H) og Ingvild Thorsvik (V) held pressekonferanse på batteritomta laurdag. Det ligg inne pengar i forslag til statsbudsjett for neste år. Målet er mellom anna å avlaste den trafikkerte … Les mer

Fekk nei til pengestøtte

Muslimsk råd Agder har fått avslag frå Statsforvaltaren på søknad om pengar til eit prosjekt for å hjelpe muslimske trussamfunn i Agder. Muslimsk Råd Agder er ein paraplyorganisasjon for 10 muslimske trussamfunn i Agder, frå Kvinesdal til Arendal. Statsforvaltaren grunnar avslaget med at organisasjonen ikkje er eit trussamfunn.