Nytt tap for Kristiansand

Kristiansand Topphåndball tapte 21-27 heime mot Runar i eliteserien i handball for menn. Laget låg under 10-18 til pause. Sørlendingane står framleis utan siger så langt i debutsesongen i eliteserien.

Start slo Raufoss

Start vann 3-1 borte mot Raufoss i 1. divisjon i fotball. Start leia 2-0 til pause. Sørlendingane ligg på 11. plass på 1. divisjonstabellen.

Uavgjort for Jerv

Det enda 2-2 mellom FK Jerv og Aalesund i 1. divisjon i fotball. Grimstadklubben leia 2-0 til pause. Det betyr at Aalesund framleis ligg på andreplass, som gir direkte opprykk til eliteserien. Jerv ligg eitt poeng bak på 3. plass.