Bø, for en kø!

Det var lange køer på Sørlandssenteret onsdag kveld da folk ville sikre seg kostymer til Halloween.

Fleire på sjukehus

Åtte personar ligg på Sørlandet sjukehus med koronasmitte. I Farsund er 54 personar no smitta av viruset. Smitten er blant tilsette, eldre innbyggjarar og folk som får helsetenester

Kjempar mot brotsverk

Svart arbeid og ulovlege arbeidsforhold er framleis eit stort problem i enkelte bransjar på Sørlandet. I eitt år har prosjektet Fair Play Agder kjempa mot brotsverk i landsdelen. Av 78 saker som er granska, går dei fleste vidare. I dag vart funna presentert i Kristiansand.

Rettssaka starta

I dag starta rettssaka mot ein 59 år gamal mann som er tiltalt for å ha skoten og drepe si mor i Lyngdal i år. Tiltalte seier han ikkje huskar så mykje av sjølve drapet. Påtalemakta vil leggje ned påstand om tvungent psykisk helsevern.