Skal bruke gift

Neste veke vert Gillsvatnet i Kristiansand behandla med giftstoffet rotenon for å verte kvitt gjeddene. Forskarar ved Universitetet i Agder tar no dna-prøver av vatnet for å samanlikne kva som lever der før og etter giftbehandlinga.

Vil ha strengare reglar

Eit forskarpar på Sørlandet etterlyser strengare reglar for barn på sosiale medium. Dei meiner sosiale medium skaper avhengigheit, og ynskjer høgare aldersgrense for å kunne delta.

Blir dyrare

Den omstridde Kunstsiloen som vert bygga i Kristiansand, blir hundre millionar kroner dyrare enn det som har vore berekna. Korkje kommunen eller fylkeskommunen vert beden om å dekke overskridinga.