– Dei tilsette er utslitne

Måndag denne veka låg 14 barn på Sørlandet sjukehus med RS-virus, skriv Aftenposten. – Dei tilsette på sjukehus er utslitne. Samtidig veit vi at influensasesongen ikkje har starta, seier Kristin Utne i Legeforeningen til avisa.

Nora Mørk: – Godt nøgd

Vipers Kristiansand er tilbake på toppen av tabellen i eliteserien i handball etter at dei slo Storhamar 33–27- – Det er ikkje noko tvil om kven som skal vinne i dag, og det er eg godt nøgd med, seier Nora Mørk etter kampen.

Til sjukehus etter ulykke

Ein mann er køyrt til sjukehuset i Arendal med ambulanse etter ei utforkøyring på fylkesveg 411 Sagesundveien i Tvedestrand. Politiet skriv at det tar litt tid før bilen vert berga.