Skuffa etter tap

– Det er noko drit å tape slik, seier Vipers-spelar Marta Tomac etter at Vipers tapte mot Metz i meisterligaen i handball. Tapet gjer at Vipers truleg må ut i play-off for å komme seg til kvartfinalen i meisterligaen. Vipers hadde vunne seks kampar på rad i meisterligaen før tapet mot franske Metz.

– Får ikkje til spelet vårt

– Dette var ikkje ein god kamp frå vår side. Vi har problem med å lage mål i første omgang. Vi får ikkje til spelet vårt, seier Vipers-spelar Isabella Gulldèn etter tapet mot Metz i meisterligaen i handball.