Nytt ekstremvêr på veg

Ein kraftig storm er venta å treffe Nord-Irland måndag morgon. Britiske meteorologar har gitt uvêret namnet «Franklin». Det er venta høg sjø og kraftige vindkast inn over land. Uvêret blir også merkbart i Sør-Noreg og vil gje litt vind og nedbør. Stormen kjem berre dagar etter ekstremvêret som tok livet av fleire menneske i blant … Les mer

To tekne med promille

To bilførarar vart tekne i promillekontroll i Kristiansand søndag. – To bilførarar bles til over lovleg verdi og blir melde for promillekøyring. Ein av bilførarane fekk førarkortet beslaglagt, opplyser operasjonssentralen til Agder-politiet.

Åtvarar om stor snøskredfare i fjellet

Hovudredningssentralen ber folk som ferdast i fjellet på ski om å vere forsiktige. – Vis vett, ver varsam. Det meldast om betydeleg snøskredfare fleire stader i landet etter mykje vind og nedbør dei siste dagane, opplyser Hovudredningssentralen.