Oppdatert kl 17.30: Leidningsbrot på vassleidning i sentrum

Les hele artikkelen

Oppdatert info 17.30: Reparasjonsarbeidet etter brotet på vassleidninga i Valle sentrum er no ferdig og vatnet er tilbake att sør for Leitebakken. Dersom du som bruker vatn oppdagar at vatnet skulle vere brunt, er det ikkje farleg, men me vil anbefale å tappe ut i kaldtvannskran til vatnet er klart igjen. Unngå då å bruke varmt vatn fordi det då vil kunne dra det brune vatnet inn i varmtvannstanken. Det vil også kunne vere luft i røyra og då er anbefalinga også der å tappe ut i kaldtvannskran. Teknisk avdeling beklagar så mykje ulempa dette har medført. Mvh Geir Helge Solheim Fagansvarleg VVA kl.12.50: Det er leidningsbrot på vassleidninga i sentrum og vatnet er difor borte mellom Valle sentrum og Åmli. Etter det me veit gjeld feilen også den sørlege delen av Leite. Teknisk eining jobbar med å lokalisere feilen og få tilbake vatnet. Feilsøkinga er tidkrevjande og me reknar med at vatnet tidlegast er tilbake i kveldinga. Me oppdaterer heimesida når me har ny informasjon. Kultur og fritid informerar om av kinoen går som normalt i dag, men gjer oppmerksam på at vi ikkje har vatn, og toalett difor er stengt. Skulen og barnehagen i Valle er stengt og det er sendt melding til foreldra med ytterlegare informasjon.