Green Yard Kleven og Green Yard Feda har fått i oppdrag å høgge opp og resirkulere sju fartøy. Skipa kjem frå Solstad Offshore og ulike dotterselskap. Administrerande direktør i Green Yard, Hans Jørgen Fedog, seier dette sikrar lokale arbeidsplassar både i Ulstein og Kvinesdal. Samtidig har avtalen eit historisk omfang når det det gjeld miljøvenleg resirkulering av skip.