Økokrim har kontakta Skatteetaten på bakgrunn av medieoppslaga om Ropstad den siste tida.
– Det er vanleg prosedyre i alle saker der det kjem fram denne type informasjon. Skatteetaten opplyser at dei gjer undersøkingar på ordinær måte. Dersom det skulle vise seg å bli aktuelt, vil etaten ta kontakt med politiet, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth i ei pressemelding.
I det tilfellet vil det vere naturleg at Økokrim og Oslo politidistrikt vil ta ei vurdering av eventuell vidare behandling, ifølge pressemeldinga.
Ropstad innrømma fredag at han tok aktive grep for å unngå å skatte av statsrådsbustaden sin, noko han skulle ha skatta 175.000 for, ifølge Aftenposten.