Den norske fotografen Knut Bry (75) sit i varetekt hos den greske kystvakta etter han tok bilete av eit militært fartøy på den greske øya Lesvos, skriv VG.
UD har tidlegare bekrefta til NRK at ein norsk statsborgar er arrestert i Hellas.
Advokaten hans Haris Petsikos meiner påtalemyndigheita ikkje har noko bevis for siktinga.
– Han tok sju til åtte bilete av to båtar, eit marinefartøy og ein båt frå Kystvakta, som var på veg ut av hamna, seier Petsikos til VG.
– Det heile ser ganske latterleg ut, spør du meg, seier han.
Knut Bry skal ha delteke som frivillig hjelpearbeidar på øya Levsos. Der jobba han med å gje ut mat til flyktningar i mottaksleiren og i bustader, i regi av hjelpeorganisasjonen «Solidarity Lesvos».