Dei høge straumprisane dominerer mediabiletet nasjonalt og lokalt. Etter at straumstøtteordninga for privatpersonar kom på plass er det særleg bedriftene i sør-Noreg som slit med å handtere prisauken. Straumstøtteordninga gjeld som kjent ikkje straumforbruk i fritidsbustader, og i ein hyttekommune som Valle har ein også merka at hytteinnbyggjarane er opptekne av dette temaet.