Staten skal bidra til å finansiere ny veg frå E18 til Eydehavn i Arendal i samband med bygging av batterifabrikken. Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Svein Harberg (H) og Ingvild Thorsvik (V) held pressekonferanse på batteritomta laurdag.
Det ligg inne pengar i forslag til statsbudsjett for neste år. Målet er mellom anna å avlaste den trafikkerte Kystveien når fabrikken er i drift.