Namnesak – Innspel til skrivemÃ¥te Helle grendelag v/Bjarne Rysstad har reist namnesak for staden Helle i Valle kommune. SprÃ¥krÃ¥det har sagt at fylgjande namn skal med i namnesaka. • Helle / Heddi (gard 70) • Helle (bruk 70/1, 70/3, 70/4, 70/6, 70/9) • Helle / Oppigard (bruk 70/2) • Helle / Der nede (bruk 70/20) • Hellefjell / Hellesfjellet (fjell) • Hellesdalen / Heddesdalen (dal) • Heddessteinen (stein) Dokumenta er tilgjengeleg HER Namnesaka vert reist for Ã¥ fÃ¥ avklart rett skrivemÃ¥te til offentleg bruk. Kartverket har sendt saka pÃ¥ lokal høyring til kommunen, jf. § 8 Lov om stadnamn (Stadnamnlova). Stadnamnlova seier kven som har uttalerett. Eigar/festar har rett til Ã¥ uttale seg om gardsnamn og bruksnamn. Lokale organisasjonar har rett til Ã¥ uttale seg om skrivemÃ¥ten pÃ¥ namn som dei har særleg tilknyting til. Innspel mÃ¥ sendast skrifteleg til [email protected] innan 23.05.22. Merk saka med sak 2022/136.