Kunngjering av vedtak i namnesak – Hedde

Les hele artikkelen

Statens kartverk har gjort vedtak om skrivemåten på fylgjande stadnamn i Valle kommune: • Hedde Vedtak om skrivemåten kan etter § 12 i lov om stadnamn klagast på av dei som etter § 6, bokstav a til c har rett til å ta opp saker om skrivemåten av stadnamn. Klagefristen er tre veker frå vedtaket blir kunngjort første gong. Dei som har klagerett har rett til å sjå saksdokumenta som er arkivert hos vedtaksorganet. Det er høve til å søkje om utsett iverksetjing av vedtaket til klagefristen er ute eller klaga er avgjort. Ev. klage skal sendast til Kartverket med kopi til kommunen. Klaga skal grunngjevast og grunngjevinga må omtale elle namn eller namneledd klaga gjeld. Når ein tek opp ei klagesak gjeld dei same sakshandsamingsreglane som for namnesaker elles. Dersom vedtaket vert oppretthalde sender Kartverket saka vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker som er oppnemnd av Kulturdepartementet.