Klar til å trykke på knappen

Olje- og energiminister Terje Aasland er klar til å rasjonere straum om nødvendig. Han har det øvste ansvaret for eventuelt å starte rasjonering.
Erfaring frå ei øving i Østfold viser at den avgjerda kan sitje langt inne. Aasland seier det er eit stort ansvar, og at dei følgjer situasjonen i Sør-Noreg tett.
Dersom dei kjem i gang for seint får det større konsekvensar ifølgje Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE).