Jerv klarte berre 0-0 mot Grorud på heimebane i 1. divisjon i fotball. Grimstad-klubben hadde fleire feite sjansar og var nærast siger. Dersom Aalesund slår Start seinare måndag kveld, vil vestlendingane få ei luke på Jerv i kampen om direkte opprykk til eliteserien.