Valle kommune ynskjer å ta opp att suksessen sist gong, og inviterer til næringsfrukost på Nordibø landhandel. Vi meiner dette er eit fint høve til å møtast for fagleg påfyll og ein uformell prat. Om du driv større selskap, enkeltmannsføretak eller berre går med ei grunderspire i magen håpar me å sjå så mange som mogleg. Agenda: 07:30 Frukost 08:00 Velkomen og informasjon frå Valle kommune 08:20 Statens straumstøtte – Kva er situasjonen i Valle i dag? 08:35 Ope/spørsmål 09:00 Ferdig