Invitasjon til næringsfrokost

Les hele artikkelen

Valle kommune inviterer næringslivet til næringsfrokost på Sølvgarden Hotell & Feriesenter onsdag 29. juni kl 07:30 – 09:00 Me ynskjer ein felles arena for betre dialog med næringslivet i kommunen og vonar dette kan verte eit fint høve til å møtast for fagleg påfyll og ein uformell prat. Om du driv større selskap, enkeltmannsføretak eller berre går med ei gründerspire i magen, håpar me å sjå deg på Sølvgarden. Agenda: 07:30 Frukost 08:00 Velkomen og informasjon frå Valle kommune 08:20 Informasjon frå Setesdal Interkommunale Råd v/Rita Hansen 08:35 Ope/spørsmål 09:00 Ferdig