Årsmøtet i IK Start har vedteke å avslutte avtala med Start En Drøm AS.
Eit forslag om å ta opp saka på eit ekstraordinært årsmøtet, for å få meir informasjon og alternativ, vart stemt ned.
Avtala inneber mellom anna at aksjeselskapet skal motta 10 prosent av Start sine brutto inntekter frå spelarsal av spelarar som var under kontrakt per 31.12.2021.
I tillegg har selskapet krav på 100 prosent av klubbens netto inntekter frå vidaresal fram til utgangen av 2025.