Arbeidarpartiet sine ordførarar møtte partileiinga i kveld til eit internt møte for å prate om mellom anna straumprisane. Men det kom ikkje nokre konkrete løfter ut av møtet.
Ifølge Kristiansand-ordførar Jan Oddvar Skisland (Ap) var det først og fremst eit innspelsmøte og lyttemøte.
– Eg opplevde at vi blir lytta til. Eg oppfattar at det blir teke veldig på alvor kor utfordrande situasjonen er. Statsrådane ser verkeleg kor krevjande dette er lokalt. Det var mykje fokus på næringslivstiltak, seier han til NRK.
Han fortel vidare at dei har fått signal om at regjeringa jobbar intensivt med dette, for å komme med konkrete tiltak.