Hurtigruten seglar frå Oslo

Les hele artikkelen

Frå neste haust skal Hurtigruten segle frå Oslo.
Dei nye rutene vil gå frå Oslo til Nordkapp i vinterhalvåret. Dette betyr meir aktivitet i Oslo Havn utanom den vanlege høgsesongen.
– Det vil bidra til meir aktivitet. Vi er vant til å sjå skip og turistar i sommarhalvåret, no vil vi sjå det også på hausten og vinteren, seier administrerande direktør i Hurtigruten, Hedda Felin.
Det blir første gong selskapet skal ha faste avgangar frå hovudstaden.
Felin trur det er positivt for verdiskapinga i Oslo. Ho meiner dette vil knyte Oslo og Sørlandskysten tettare saman.
100 nye sjøfolk vi bli tilsett, blant anna kokkar, servitørar, matrosar og folk i maskin.