I år kan vi endeleg feire 17.mai som vi er vande med, både i Valle og i resten av Noreg. Tradisjonen tru startar dagen på Rysstad med skrampetog kl. 07, og kl. 1100 køyrer bilkortesje med pynta bilar og veterankøyretøy mot vallebygda. Den offisielle delen av dagen startar med eit lite festprogram på Valle bygdeheim kl. 1030, der det blir tale ved Ordførar og kulturinnslag. Om lag kl. 1140 køyrer kortesje med pynta bilar og veteranbilar forbi bygdeheimen, og om lag kl. 1245 er det tale og nedlegging av kransar ved bautaene. Etter kransenedlegging går folketoget til Valle kultursenter, der det blir leikar og mat. Festprogrammet i Storstoga kl. 14 blir overført direkte til storskjerm på Valle bygdeheim. Gudstenesta er i år kl. 16, i Valle kyrkje.