Føremålet med honorarfondet er å gjere folkemusikken i Setesdal kjent og høyrt, og å stimulere til aktivitet blant folkemusikkutøvarar, ikkje minst dei unge. Fondet kan dekke delar av honoraret når du som arrangør nyttar folkemusikarar med lokal tilknyting til arrangement i Bygland, Valle og Bykle kommunar. Dersom det er unge utøvarar, kan fondet dekke heile honoraret. Det er Valle sparebank, Valle, Bykle og Bygland kommunar som finansierer fondet, og Setesdal spelemannslag administrerer det. Sjå her for meir informasjon om ordninga.