Heimevernet i sving i heile Setesdal

Les hele artikkelen

HV08 er heimeverndistrikt Agder og Rogaland. I alt sju HV-omrÃ¥de har vore involvert i øvingar i den perioden. Totalt 700 soldatar har fÃ¥tt finpussa kompetansen i ei teneste som er ein viktig del av beredskapen her i landet bÃ¥de i krigs- og fredstid. I kommunane Bygland, Valle og Bykle er det soldatar frÃ¥ Setesdal HV-omrÃ¥de som held pÃ¥. Objektsikring Av oppgÃ¥ver soldatane fÃ¥r drilla seg pÃ¥ er mellom anna objektsikring, overvaking og kontroll, beskyttelse av vegar og sivilt/militært samarbeid. Onsdag 21. september var representantar frÃ¥ Setesdal HV-omrÃ¥de innom Bykle kommune. – Oppdatering og fortløpande informasjon er viktig. Dialog og samarbeid mellom HV og kommunane gjer det enklare for alle, og er ein vesentleg del av beredskapen, seier beredskapskoordinator i Bykle kommune, Vidar Johnsen. Støy I Setesdal har det vore og er HV-øving i alle dei fire kommunane. Militær trafikk, støy, skyting og synleg bevæpna soldatar er altsÃ¥ heilt naturleg i øvingsperiodar som denne. – Vitjinga vÃ¥r til kommunane i dalen er eit av fleire tiltak for Ã¥ styrke militært/sivilt samarbeid. Korte kommunikasjonsvegar og god dialog sikrar kvalitet pÃ¥ samarbeidet, seier omrÃ¥desjef i Setesdal HV-omrÃ¥de, kaptein Gunnar Sagstuen. HV har ogsÃ¥ hatt sÃ¥kalla sosialpatruljar rundt om i kommunane under øvinga. – Det er viktig Ã¥ vise seg fram, ha god kontakt med folk og pÃ¥ det viset vere med pÃ¥ Ã¥ ufarleggjere øvingar. Situasjonen rundt om i verda gjer jo øvingar meir aktuelle, kan HV vere med pÃ¥ Ã¥ skape tryggleik og sikre beredskap i samarbeid med andre instansar har me fÃ¥tt til mykje, seier Sagstuen.