Har teke med seg fleire gjenstandar

Les hele artikkelen

Politiet har avslutta arbeidet på ei adresse i Søgne. Bombegruppa vart tilkalla etter at det vart funne mogleg sprengstoff i eit hus. – Eg vil ikkje gå inn på detaljar, men det er teke med nokre gjenstandar som skal destruerast, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Kleivane i Agder-politiet.
To personar er pågripne i samband med ei narkotikasak. Det var då det vart funne gjenstandar som kunne vere sprengstoff. Dei to vert avhøyrde søndag ettermiddag.