Gjorde funn av sprengstoff

Les hele artikkelen

Funn av sprengstoff i samband med pågriping av to personar i ei narkotikasak i Søgne gjorde at politiet tilkalte bombegruppa til politiet.
– Det er gjort funn av det som framstår som sivilt sprengstoff. Det er ingen bombe. Men vi har ikkje kompetanse på å sikre det på ein forsvarleg måte. Difor tilkallar vi bombegruppa, seier operasjonsleiar Jarl Nilsen i Agder-politiet.
Funnet vart gjort i ein privat bustad i eit bustadområdet i Søgne. Operasjonsleiaren understrekar at det ikkje er fare for omgjevnadene. Bompegruppa kjem til Sørlandet i 10.45-tida.