Color Line opplever stor pågang blant sørlendingar som vil reise til Danmark i vinterferien.
Det er berre ei veke sidan regjeringa letta på koronareglane. Sjølv om interessa no aukar, er ikkje selskapet på normalt nivå enda.
– Det er ikkje normal vinterferie no, men vi ser at mange tenker framover mot påske og sommarferie. Ikkje minst er det vanvitig mange danskar i Noreg, seier sals- og marknadssjef i Color Line, Nina Moland Andersen.