Det er dårlege køyreforhold over fleire fjellovergangar i Sør-Noreg onsdag morgon på grunn av dårleg ver. Fylkesveg 59 mellom Aurland og Hol er inntil vidare stengt, melder Vegtrafikksentralen Vest. På Haukelifjell er det snø, isdekke og redusert sikt, melder Vegtrafikksentralen Sør. Det bles stiv kuling og det kan bli kolonnekøyring på kort varsel.