Odd Arne Brekne skaut ein niar på andre skotet. Han har for få innertiarar, og blir ikkje konge. Niaren stod til 9,9 – han var millimeter unna. Han skrudde etter første skotet, og då kom niaren. – Dette er ein utandørsidrett, slik er det, sa han litt oppgitt etterpå. – Men sjølvsagt er det surt.