– Brann hadde vore utruleg gøy

Les hele artikkelen

– Viss eg skal velje hadde Brann vore utruleg gøy, men det er eit veldig solid lag. Eg trur vi har større sjans mot Stabæk og Mjøndalen, seier Jerv-trenar Arne Sandstø etter sigeren mot Raufoss.
Sigeren gjorde at klubben sikra 3. plassen og skal spele kvalifisering til eliteserien. Dersom dei går heilt til kvalifiseringsfinalen møter dei anten Brann, Mjøndalen eller Stabæk. Då kan dei revansjere kvaliktapet mot Stabæk i 2016.
– Det hadde ikkje gjort noko. Vi var åtte minutt unna sist gang. Eg trur nok vi kan bite endå betre frå oss offensivt denne gangen. Så er vi solide bakover, seier Sandstø.